Aktuelt

12/3/24

Pelle og bøllebanden

Når begynte du å laga teikneseriar spør folk. Nokre gonger dukkar det opp bevis på at dette har eg holdt på med lenge. Året er 1992, trur eg. Kan det var at tema er mobbing? Løyste nå oppgåva trur eg. Mobberane fekk som fortent på ein svært upedagogisk måte. Noko som tydelegvis gjekk fint, sia Suldalsposten publiserte den. Det som er fint med teikneserie er at du verkleleg kan få gi nåken på tryne om du føler for det!

Les heile saken ›
8/2/24

Ny inspirasjon

Det er ein travel kvardag. Og midt i denna travle kvardagen dukkar det opp nye inspirasjonskjelder. I haust ville jentungen byrja å spele volleyball, ein sport som tok opp store deler av ungdomstida mi. Sjølv om eg visste det kom til å bli travelt, så tenkte eg at det var min tur å bidra inn i felleskapets kasse, så eg vart med som trenar. Med litt låge forvetnigar gjekk me to ned på trening etter trening i haust. Reiste på turneringar og terpa på endelause drillar. Og i alt dette organiserte kaoset så vart det ei utruleg kjekke reise med flotte jenter som gir alt på trening. Dei høyrer ikkje veldig godt etter eller gjer akkurat som eg seier, men det gir oss alle ein utrulig mestringsfølelse og glede som eg hadde gløymt eksisterte i idrettens verden. Ved mi side har eg Anna, Ørjan og Vidar som og gjer at denne jobben blir så givande og inspirerande. Plutseleg, etter ein travel vinter så blei det vår, og pennen byrja å gå igjen. Ballar som fyk gjennom lufta og treffe hovuder som drøymer seg vekk, ein trenar som prøver å få dei til å følgje med og som viser alle følelsespekter.

Mange vil nok påstå at det er særlig min kollega Ørjan som får gjennomgå. Og ja, det er vanskeleg å ikkje la seg inspirera av engasjementet, følelsane og utrykka hans. Men når det er sagt så står eg fortsatt på mitt og seier at dette bare er fiksjon. For når pennen har starta å teikne så byrjar ofte karakterer og historiar å lage seg sjølv og pennen prøvar berre å holde følgje. Korleis historia går for denne trenaren og jentene? ja det vil tida vise.

Les heile saken ›
16/1/24

Nytt år!

Det var lite eg visste i januar 2023 om kva eg kom til å teikna det året. Kanskje blei det ingenting, eller kanskje blei eg styrtrik på streken. Det blei ikkje det siste, men, heldigvis, heller ikkje det første. Eg fekk nettsida mi på plass, Strekarens ansikt utad. Eg vart og tildelt ein pris for bruken av nynorsk. Noko som gjer at eg knotar skikkeleg med skrivinga mi for å ikkje koma med bokmåls-ord her. Mange kjekke oppdrag har og runne inn. Så kjekke at eg faktisk sitt å ler høgt når eg teiknar. Vegen har blitt litt til mens streken går og streker blei det mange av i året som gjekk! Inspirasjonen kjem og vil fortsetta å koma frå folk og naturen innerst i fjorden her. Med hjarta godt planta her, klør det i fingrane og rykke i skaparnerva ganske så ofte! Takk, alle som heiar, støttar, trykker liker, kommenterer og gir meg oppdrag!

Korleis vil 2024 sjå ut?

Har du ein ide eller eit oppdrag som skal bli til strek i 2024? Ta kontakt for ein hyggeleg teikneprat!

Les heile saken ›
12/12/23

Gullingen

Når du går opp til reinsheia får du god utsikt til Gullingen. Er det kveld vil du då sjå på fjellets skyggeside. Kontrastane vert store når kveldslyse fargar himmelen rundt. Bilde kan bestillast over nett, eller du kan koma innom Skriveriet i Gata 10, 4230 Sand. Har du eit eige favoritt fjell du ynskjer kan du og bestilla dette.

Les heile saken ›
11/12/23

Julestemning på Skriveriet

I hjarta av Sand ligg Skriveriet. Det vart oppretta av tre skriveglade sjeler for nokre år tilbake. I fjor flytta og Strekaren inn, og me vart ein gjeng som både teiknar og skriv. Det er blitt ein god stad for drøs og skaping, det er og ein stad eg hentar inspirasjon til bileta mine. Om det er snøen som dalar ned eller den gamle læraren min som syklar forbi med skautet knyta godt rundt hovudet. Nokre gonger kjem ho inn. Det må gjerne du også gjere! Eg er å finne der tysdagar og fredagar før jul!

Les heile saken ›
28/11/23

Julemesse 2023

På laurdag var det klart for julemessa i Suldal samfunnshus. Graut, rød saft, salgsboder og folk. Alt som høyre til på ei kjekk julemesse. Kjem alltid nokon nye idear etter å ha prata med ein masse folk. og det vart ein strek etter denne samlinga og. Mine gode kollegaer Nenad og Maria var og med på gilde. Dei er aktuell med ei flott ny bok som tar deg med på ein reise gjennom ord og bilder. Takk for laget, takk alle som var innom og takk for denna gong.

Les heile saken ›
3/11/23

Tegnekveld med Nenad og Strekaren

Onsdagskveld inviterte me dei små til og koma til Skriveriet å teikna med oss. Veret var rushe, men det kom likevel ein flott gjeng innom.

Les heile saken ›
10/10/23

Portrett av Strekaren i Stavanger Aftenblad

Ein litt meir personlig strek var å lesa i Stavanger Aftenblad denne veka.

Les heile saken ›
18/9/23

Strekaren har fått ny heim på nett!

Her vil eg frå tid til anna legge ut striper, og produkt med Strekaren for sal.

Treng du noko spesielt teikna så tek eg imot oppdrag! Ta kontakt med meg på strekaren@gmail.com eller slå på tråden på telefonnummer 47328508.

Les heile saken ›
Skjermskudd av nettside

Send meg ei melding

Huk av sånn at eg veit at du ikkje er ein robot
Takk for meldinga! Eg tek kontakt med deg snart…
Oops! Noko gjekk gale ved innsending. Prøv gjerne igjen eller ta kontakt med meg på epost…
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.